37 Dei vart forfærde og redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg.
38 Men han sa til dei: «Kvifor er de så urolege, og kvifor vaknar tvilen i hjarta dykkar?
39 Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.»
40 {{Så viste han dei hendene og føtene sine.}}
41 Då dei av rein glede enno ikkje kunne tru, men berre undra seg, sa han: «Har de noko å eta her?»
42 Dei gav han eit stykke steikt fisk,
43 og han tok det og åt medan dei såg på.