39 Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.»
40 {{Så viste han dei hendene og føtene sine.}}
41 Då dei av rein glede enno ikkje kunne tru, men berre undra seg, sa han: «Har de noko å eta her?»
42 Dei gav han eit stykke steikt fisk,
43 og han tok det og åt medan dei såg på.
44 Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var saman med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som står skrive om meg i Moselova, hos profetane og i Salmane.»
45 Så opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene,