1 Det var i det femtande styringsåret til keisar Tiberius. Pontius Pilatus var landshovding i Judea, Herodes var landsfyrste i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis, Lysanias i Abilene,
2 og Annas og Kaifas var øvsteprestar. Då kom Guds ord til Johannes, son til Sakarja, i øydemarka.
3 Og han drog omkring i heile Jordan-landet og forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene,
4 slik som det står skrive i boka med profeten Jesajas ord: Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!
5 Kvar dal skal fyllast, kvart fjell og kvar haug skal jamnast ut. Dei krokete vegane skal bli rette, dei steinete stigane bli slette.