7 I flokk og følgje drog folk ut for å bli døypte av Johannes, og han sa til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma?
8 Så ber då frukt som viser at de er omvende! Prøv ikkje å seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane.
9 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.»
10 «Kva skal vi då gjera?» spurde folket.
11 Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.»
12 Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?»
13 «Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett», svara han.