8 Så ber då frukt som viser at de er omvende! Prøv ikkje å seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane.
9 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.»
10 «Kva skal vi då gjera?» spurde folket.
11 Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.»
12 Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?»
13 «Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett», svara han.
14 «Og vi, kva skal vi gjera?» spurde nokre soldatar. Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.»