24 Og han heldt fram: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin.
25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel i dei dagane då Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader og det vart ei stor hungersnaud i heile landet.
26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet.
27 Og det var mange med hudsjukdom i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Naaman.»
28 Då vart dei brennande harme, alle som var i synagogen og høyrde dette.
29 Dei fór opp og jaga han ut av byen, mot ein skrent i åssida der byen deira låg. Der ville dei støyta han utfor.
30 Men han gjekk midt igjennom flokken og bort derifrå.