29 Dei fór opp og jaga han ut av byen, mot ein skrent i åssida der byen deira låg. Der ville dei støyta han utfor.
30 Men han gjekk midt igjennom flokken og bort derifrå.
31 Så tok Jesus vegen ned til Kapernaum, ein by i Galilea. Han underviste dei på sabbaten,
32 og dei var slegne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde.
33 I synagogen var det ein mann som hadde ei vond og urein ånd. Han sette i å ropa av all kraft:
34 «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!»
35 Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt blant dei og fór ut av han, men skadde han ikkje.