32 og dei var slegne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde.
33 I synagogen var det ein mann som hadde ei vond og urein ånd. Han sette i å ropa av all kraft:
34 «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!»
35 Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt blant dei og fór ut av han, men skadde han ikkje.
36 Då kom det otte og undring over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.»
37 Og ordet om han fór over alle bygdene der omkring.
38 Frå synagogen gjekk Jesus heim til Simon. Svigermor til Simon låg sjuk og hadde høg feber, og dei bad Jesus hjelpa henne.