40 Då sola gjekk ned, kom alle til han med sine sjuke, same kva sjukdom dei var plaga av. Og han la hendene på kvar og ein av dei og lækte dei.
41 Mange fór det vonde ånder ut av, og dei skreik og ropa: «Du er Guds Son!» Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala. For dei visste at han var Messias.
42 Då det vart morgon dagen etter, fór han ut til ein aud stad. Folket gav seg til å leita etter han, og då dei kom dit han var, prøvde dei å halda han att, så han ikkje skulle gå frå dei.
43 Men han sa: «Eg må bera fram den gode bodskapen om Guds rike i dei andre byane òg. Det er det eg er send for.»
44 Og han heldt fram med å forkynna i synagogane i Judea.