13 Jesus rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Og med det same var sjukdomen borte.
14 Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Men gå og vis deg for presten», sa han, «og ber fram eit offer for reinsinga di, slik som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»
15 Men ordet om han spreidde seg berre endå vidare, og folk kom i flokk og følgje for å høyra på han og bli lækte for sjukdomane sine.
16 Men sjølv trekte han seg ofte tilbake til aude stader og var der og bad.
17 Ein dag heldt han på og underviste, og der sat farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft så han kunne lækja.
18 Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus,
19 men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides takstein og firte han ned på båra, beint framfor Jesus.