20 Då Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.»
21 Men dei skriftlærde og farisearane tenkte med seg: «Kva er dette for ein? Han spottar Gud. Kven andre kan tilgje synder enn Gud åleine?»
22 Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kva er det for tankar de går med i hjartet?
23 Kva er lettast å seia: ‘Syndene dine er deg tilgjevne’ eller: ‘Stå opp og gå’?
24 Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no tala han til den lamme – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»
25 Og med ein gong reiste mannen seg midt for auga deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud.
26 Då vart dei alle heilt frå seg av undring og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting!»