24 Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no tala han til den lamme – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»
25 Og med ein gong reiste mannen seg midt for auga deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud.
26 Då vart dei alle heilt frå seg av undring og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting!»
27 Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!»
28 Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus.
29 Levi heldt eit stort gjestebod for han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei.
30 Farisearane og dei skriftlærde blant dei murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?»