28 Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus.
29 Levi heldt eit stort gjestebod for han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei.
30 Farisearane og dei skriftlærde blant dei murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?»
31 Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt.
32 Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»
33 Så sa dei til han: «Læresveinane til Johannes fastar ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane til farisearane, men dine et og drikk.»
34 «Kan de få bryllaupsgjestene til å fasta medan brudgomen er hos dei?» svara Jesus.