35 «Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og når dei dagane kjem, då skal dei fasta.»
36 Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt klesplagg og bruker det til bot på eit gammalt. For då blir det nye klesplagget sundrive, og bota frå det nye passar ikkje på det gamle.
37 Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde.
38 Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker.
39 Og ingen som har drukke gammal vin, har lyst på ny. Han vil seia at den gamle er best.»