7 Dei gav teikn til arbeidslaget i den andre båten at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk.
8 Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.»
9 For både han og alle som var med han, vart fulle av otte og undring over fiskefangsten dei hadde fått.
10 Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.»
11 Så rodde dei båtane i land, gjekk frå alt og følgde han.
12 Ein gong han var i ein av byane, kom ein spedalsk mann, full av sår. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned med andletet mot jorda og bad: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»
13 Jesus rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Og med det same var sjukdomen borte.