1 Ein sabbat bar det så til at Jesus tok vegen langsmed nokre kornåkrar, og læresveinane reiv av aks, gneid dei mellom hendene og åt.
2 Då sa nokre av farisearane: «Kvifor gjer de slikt som ingen har lov til å gjera på sabbaten?»
3 Jesus svara: «Men har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han og mennene hans svalt?
4 Han gjekk inn i Guds hus, tok skodebrøda og åt og gav dei som følgde han. Og dei brøda er det berre prestane som har lov å eta.»
5 Og Jesus sa til dei: «Menneskesonen er herre over sabbaten.»
6 Ein annan sabbat gjekk han inn i synagogen og underviste. Der var det ein mann med ei høgre hand som var vissen.