20 Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa:«Sæle de fattige!Guds rike er dykkar.
21 Sæle de som no svelt!De skal mettast.Sæle de som no græt!De skal le.
22 Sæle er de når folkfor Menneskesonen skuld hatar dykk,støyter dykk ut og spottar dykkog kastar namnet dykkar frå seg som noko vondt!
23 Gled dykk på den dagen og hoppa av fryd,stor er løna dykkar i himmelen.Det same gjorde fedrane deira med profetane.
24 Men ve dykk rike,de har alt fått dykkar trøyst.
25 Ve dykk som no er mette,de skal svelta.Ve dykk som no ler,de skal sørgja og gråta.
26 Ve dykk når alle talar vel om dykk.For det same gjorde fedrane deiramed dei falske profetane.