28 velsign dei som forbannar dykk, og be for dei som mishandlar dykk.
29 Slår nokon deg på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekt han ikkje skjorta heller.
30 Gjev til kvar den som bed deg, og tek nokon frå deg det som er ditt, skal du ikkje krevja det att.
31 Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.
32 Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å takka dykk for? Til og med syndarane elskar dei som viser dei kjærleik.
33 Og om de gjer vel mot dei som gjer vel mot dykk, er det noko å takka dykk for? Det gjer syndarane òg.
34 Og om de låner til dei som de ventar å få att av, er det noko å takka dykk for? Syndarar låner òg til syndarar når dei kan få like mykje att.