38 Gjev, så skal de få: Eit godt mål, stappa, rista og overfylt, skal de få i fanget. For med det målet de sjølve måler med, skal det òg målast opp til dykk.»
39 Han fortalde dei òg ei likning: «Kan ein blind leia ein blind? Kjem ikkje begge til å falla i grøfta?
40 Ein lærling står ikkje over meisteren, men når han er utlært, blir han lik meisteren sin.
41 Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?
42 Og korleis kan du seia til bror din: ‘Bror, lat meg ta flisa ut av auget ditt’, når du ikkje ser bjelken i ditt eige auge? Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge. Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.
43 Det finst ikkje noko godt tre som ber dårleg frukt, heller ikkje noko dårleg tre som ber god frukt.
44 Treet kjenner ein på frukta. Dei plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger.