4 Han gjekk inn i Guds hus, tok skodebrøda og åt og gav dei som følgde han. Og dei brøda er det berre prestane som har lov å eta.»
5 Og Jesus sa til dei: «Menneskesonen er herre over sabbaten.»
6 Ein annan sabbat gjekk han inn i synagogen og underviste. Der var det ein mann med ei høgre hand som var vissen.
7 Dei skriftlærde og farisearane heldt auge med Jesus, om han ville lækja på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for.
8 Men han kjende tankane deira og sa til mannen med den visne handa: «Reis deg opp og kom fram!» Han reiste seg og gjekk fram.
9 «No spør eg dykk», sa Jesus, «kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller ta liv?»
10 Han såg rundt seg på dei alle og sa til mannen: «Rett fram handa di!» Han så gjorde, og handa hans vart god att.