44 Treet kjenner ein på frukta. Dei plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger.
45 Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjartet, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjartet er fullt av, det seier munnen.
46 Kvifor kallar de meg ‘Herre, Herre!’ og gjer ikkje det eg seier?
47 Den som kjem til meg og høyrer orda mine og gjer det dei seier, eg skal visa dykk kven han er lik.
48 Han er lik eit menneske som ville byggja eit hus, og som grov djupt og la grunnmuren på fjell. Då flaumen kom, braut straumen mot huset, men kunne ikkje rikka det, for det var godt bygd.
49 Men den som høyrer og ikkje gjer etter det, han liknar eit menneske som bygde huset sitt på berre bakken, utan grunnmur. Då straumen braut mot huset, datt det med ein gong, og heile huset rasa saman.»