9 «No spør eg dykk», sa Jesus, «kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller ta liv?»
10 Han såg rundt seg på dei alle og sa til mannen: «Rett fram handa di!» Han så gjorde, og handa hans vart god att.
11 Då vart dei heilt ifrå seg av sinne og tala med kvarandre om kva dei skulle gjera med Jesus.
12 I dei dagane gjekk han ein gong opp i fjellet og ville be, og han var der heile natta i bøn til Gud.
13 Då det vart dag, kalla han til seg læresveinane sine og valde ut tolv; dei kalla han apostlar.
14 Det var Simon, som han òg kalla Peter, og Andreas, bror hans, Jakob og Johannes, Filip og Bartolomeus,
15 Matteus og Tomas, Jakob, son til Alfeus, og Simon som dei kalla seloten,