1 Då Jesus hadde halde denne talen til folket, gjekk han inn i Kapernaum.
2 Ein offiser der i byen hadde ein tenar som han sette svært høgt. Denne tenaren var så sjuk at det stod om livet.
3 Då offiseren fekk høyra om Jesus, sende han nokre av dei jødiske eldste til han; dei skulle be han koma og berga livet til tenaren.
4 Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han fortener at du gjer dette for han.
5 For han elskar folket vårt, og det er han som har bygd synagogen vår.»
6 Og Jesus gjekk med dei.Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er ikkje verd at du kjem inn under mitt tak