11 Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han.
12 Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne.
13 Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!»
14 Han gjekk borttil og la handa på båra. Då stansa dei som bar. Så sa han: «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!»
15 Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans.
16 Då vart alle fylte av ærefrykt; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.»
17 Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring.