22 Og han svara: «Gå og fortel Johannes kva de har sett og høyrt: Blinde ser, lamme går,spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet blir forkynt for fattige.
23 Og sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»
24 Då bodberarane frå Johannes var gått, tala Jesus til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden?
25 Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann kledd i fine klede? Dei som er staseleg kledde og lever i overflod, held til i slotta sine.
26 Men kva gjekk de ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet!
27 Det er om han dette står skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.
28 Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men sjølv den minste i Guds rike er større enn han.