30 Men farisearane og dei lovkunnige viste Guds plan frå seg og lét seg ikkje døypa av han.
31 Menneska i denne slekta, kva skal eg likna dei med? Kven er dei like?
32 Dei liknar born som sit på torget og ropar til kvarandre:‘Vi spela på fløyte for dykk,men de ville ikkje dansa.Vi song klagesongar,men de ville ikkje gråta.’
33 For døyparen Johannes er komen, han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og de seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’
34 Menneskesonen er komen, han både et og drikk, og de seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’
35 Men Visdomen har fått rett, det stadfester alle borna hennar.»
36 Ein av farisearane bad Jesus eta hos seg. Og han gjekk inn i huset til farisearen og tok plass ved bordet.