39 Då farisearen som hadde bede han heim, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»
40 Då tok Jesus til orde og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tala, meister», svara han.
41 Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti.
42 Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?»
43 «Den han ettergav mest, tenkjer eg», svara Simon. «Du har rett», sa Jesus.
44 Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho fukta dei med tårer og tørka dei med håret sitt.
45 Du helsa meg ikkje velkomen med eit kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn.