7 – difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt.
8 For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.»
9 Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som følgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne ei slik tru.»
10 Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.
11 Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han.
12 Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne.
13 Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!»