1 I tida som no kom, drog Jesus omkring og forkynte i byar og landsbyar og bar fram den gode bodskapen om Guds rike. Dei tolv var med han,
2 og nokre kvinner som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar. Det var Maria med tilnamnet Magdalena, som sju vonde ånder hadde fare ut av,
3 Johanna, som var gift med Kusa, ein forvaltar hos Herodes, og Susanna og mange andre. Med alt det dei eigde, tente dei Jesus og dei tolv.
4 Mykje folk strøymde no saman frå alle byane rundt omkring. Då ei stor folkemengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning: