12 Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste.
13 Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, og når dei blir sette på prøve, fell dei frå.
14 Det som fall mellom klunger, er dei som vel høyrer ordet, men som på vegen gjennom livet blir kvelte av sorger og rikdom og nytingar så dei ikkje ber fullmogen grøde.
15 Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde.
16 Ingen tenner ei oljelampe og gøymer henne under ei krukke eller set henne under ei seng; nei, han set lampa på ein haldar, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.
17 For ingenting er løynt som ikkje skal bli synleg, og ingenting er gøymt som ikkje skal bli kjent og koma for dagen.
18 Akta vel på korleis de høyrer! For den som har, skal få. Men den som ikkje har, skal mista jamvel det han trur han har.»