17 For ingenting er løynt som ikkje skal bli synleg, og ingenting er gøymt som ikkje skal bli kjent og koma for dagen.
18 Akta vel på korleis de høyrer! For den som har, skal få. Men den som ikkje har, skal mista jamvel det han trur han har.»
19 Mor hans og syskena hans kom og ville møta han, men dei slapp ikkje fram for folkemengda.
20 Då var det nokon som sa til han: «Mor di og syskena dine står utanfor og vil treffa deg.»
21 Men han svara: «Mor mi og syskena mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.»
22 Ein dag steig han ut i ein båt saman med læresveinane. «Lat oss fara over til andre sida av sjøen», sa han. Så la dei utpå,
23 og medan dei var ute på sjøen, sovna han. Då kom det ein kvervelstorm kastande over sjøen, båten heldt på å gå full av vatn, og dei var i stor fare.