22 Ein dag steig han ut i ein båt saman med læresveinane. «Lat oss fara over til andre sida av sjøen», sa han. Så la dei utpå,
23 og medan dei var ute på sjøen, sovna han. Då kom det ein kvervelstorm kastande over sjøen, båten heldt på å gå full av vatn, og dei var i stor fare.
24 Dei gjekk bort til han og vekte han og sa: «Meister, meister, vi går under!» Jesus reiste seg opp og truga vinden og bølgjene så dei la seg, og det vart blikande stilt.
25 Han sa til dei: «Kvar er trua dykkar?» Men dei var fulle av otte og undring og sa seg imellom: «Kven er han? Han byd både vind og sjø, og dei lyder han!»
26 No kom dei inn til Gerasenar-landet, som ligg midt imot Galilea.
27 Då han gjekk i land, kom ein mann frå byen der mot han. Han hadde vonde ånder i seg. I lang tid hadde han ikkje hatt klede på kroppen, og han budde ikkje i hus, men heldt til i gravhòlene.
28 Då han fekk sjå Jesus, sette han i å ropa, kasta seg ned for han og skreik høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg bed deg at du ikkje må pina meg!»