30 «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion», svara han, for det var mange vonde ånder som hadde fare inn i han.
31 Og dei bad Jesus at han ikkje måtte by dei å fara ned i avgrunnen.
32 No gjekk det ein stor griseflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i grisene. Det gav han dei lov til.
33 Då fór dei vonde åndene ut av mannen og inn i grisene, og flokken sette utfor stupet og ned i sjøen og drukna.
34 Men då dei som gjette grisene, såg det som var hendt, sprang dei av stad og fortalde det inne i byen og ute på landet.
35 Og folk drog ut og ville sjå kva som var hendt. Då dei kom fram til Jesus, fann dei mannen som dei vonde åndene hadde fare ut av. Han sat ved Jesu føter, påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde.
36 Men dei som hadde sett på, fortalde korleis han som hadde hatt dei vonde åndene, vart frisk att.