37 Då bad heile folkemengda frå Gerasenar-bygdene at Jesus måtte fara bort ifrå dei, for dei var tekne av stor redsle. Og han gjekk i båten og fór attende.
38 Mannen som dei vonde åndene hadde fare ut av, bad om å få vera med han. Men Jesus sende han bort og sa:
39 «Gå heim og fortel kor store ting Gud har gjort mot deg.» Så gjekk han av stad og forkynte i heile byen kva Jesus hadde gjort for han.
40 Då Jesus vende attende, stod folkemengda og tok imot han, for alle hadde venta på han.
41 Ein mann som heitte Jairus, kom fram; han var forstandar for synagogen. Han kasta seg ned for føtene til Jesus og bad han inderleg om å koma heim til seg.
42 For einaste dotter hans, som var om lag tolv år gammal, låg for døden. Då Jesus gjekk dit, trengde folk seg innpå han frå alle kantar.
43 Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. {{Alt ho eigde, hadde ho brukt på legar,}} men ingen hadde greidd å gjera henne frisk.