43 Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. {{Alt ho eigde, hadde ho brukt på legar,}} men ingen hadde greidd å gjera henne frisk.
44 Ho nærma seg Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans, og med ein gong stansa blodet.
45 «Kven var det som rørte ved meg?» spurde Jesus. Ingen ville svara. Då sa Peter: «Meister, folk trykkjer og trengjer seg innpå deg frå alle kantar.»
46 Men Jesus sa: «Det var einkvan som rørte ved meg, for eg kjende at det gjekk ei kraft ut ifrå meg.»
47 Då kvinna skjøna at det ikkje kunne løynast, kom ho skjelvande fram. Ho kasta seg ned for han og fortalde, medan heile folket høyrde på, kvifor ho hadde rørt ved han, og korleis ho hadde vorte frisk med det same.
48 Då sa Jesus til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred!»
49 Før han hadde tala ut, kom det ein frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Bry ikkje meisteren lenger.»