47 Då kvinna skjøna at det ikkje kunne løynast, kom ho skjelvande fram. Ho kasta seg ned for han og fortalde, medan heile folket høyrde på, kvifor ho hadde rørt ved han, og korleis ho hadde vorte frisk med det same.
48 Då sa Jesus til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred!»
49 Før han hadde tala ut, kom det ein frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Bry ikkje meisteren lenger.»
50 Jesus høyrde det, men sa til faren: «Ver ikkje redd, berre tru, så skal ho bli berga.»
51 Då han kom fram til huset, lét han ingen andre vera med inn enn Peter, Johannes og Jakob og far og mor til barnet.
52 Alle gret og jamra over henne. Men han sa: «Gråt ikkje! Ho er ikkje død, ho søv.»
53 Dei berre lo av han, for dei visste at ho var død.