7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det.
8 Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»
9 Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda.
10 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, for at dei skal sjå, men ikkje sjå, og høyra, men ikkje skjøna.
11 Likninga tyder: Såkornet er Guds ord.
12 Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste.
13 Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, og når dei blir sette på prøve, fell dei frå.