1 Jesus kalla saman dei tolv og gav dei makt over alle vonde ånder og kraft til å lækja sjukdomar.
2 Så sende han dei ut for å forkynna Guds rike og gjera sjuke friske.
3 Han sa til dei: «Ta ikkje noko med dykk på vegen, korkje stav eller veske eller brød eller pengar; og ingen skal ha med to kjortlar.
4 Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer vidare.
5 Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk, skal de fara bort frå den byen og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»
6 Så tok dei ut og drog omkring frå landsby til landsby og forkynte den gode bodskapen og lækte folk kvar dei kom.