13 «De skal gje dei mat!» svara Jesus. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar», sa dei, «om vi då ikkje sjølve skal gå og kjøpa mat til alt dette folket.»
14 Det var samla om lag fem tusen menn. Då sa han til læresveinane: «Lat dei setja seg i flokkar på femti.»
15 Dei gjorde som han sa, og lét alle setja seg.
16 Så tok han dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Og han braut dei og gav dei til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket.
17 Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, og det vart tolv korger.
18 Ein gong var han åleine og bad, og berre læresveinane var med han. Då spurde han dei: «Kven seier folk at eg er?»
19 «Døyparen Johannes», svara dei, «men somme seier Elia og andre at ein av dei gamle profetane har stått opp att.»