16 Så tok han dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Og han braut dei og gav dei til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket.
17 Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, og det vart tolv korger.
18 Ein gong var han åleine og bad, og berre læresveinane var med han. Då spurde han dei: «Kven seier folk at eg er?»
19 «Døyparen Johannes», svara dei, «men somme seier Elia og andre at ein av dei gamle profetane har stått opp att.»
20 «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Guds Messias.»
21 Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon.
22 Og han sa: «Menneskesonen skal lida mykje og bli vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slegen i hel, og tredje dagen skal han reisast opp.»