21 Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon.
22 Og han sa: «Menneskesonen skal lida mykje og bli vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slegen i hel, og tredje dagen skal han reisast opp.»
23 Så sa han til dei alle: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg.
24 For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det.
25 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv og går til grunne?
26 For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin og sin Fars og dei heilage englars herlegdom.
27 Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»