3 Han sa til dei: «Ta ikkje noko med dykk på vegen, korkje stav eller veske eller brød eller pengar; og ingen skal ha med to kjortlar.
4 Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer vidare.
5 Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk, skal de fara bort frå den byen og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»
6 Så tok dei ut og drog omkring frå landsby til landsby og forkynte den gode bodskapen og lækte folk kvar dei kom.
7 Landsfyrsten Herodes fekk høyra om alt det som hende, og han visste ikkje kva han skulle tru. For somme sa at Johannes var reist opp frå dei døde,
8 andre at det var Elia som hadde synt seg, og endå andre at det var ein av dei gamle profetane som hadde stått opp att.
9 Men Herodes sjølv sa: «Johannes lét eg halshogga. Kven er så denne som eg høyrer slikt om?» Og han ville gjerne møta han.