30 Med eitt stod to menn og snakka med han; det var Moses og Elia.
31 Dei synte seg i herlegdom og tala om den utgangen livet hans skulle få, om det han skulle fullføra i Jerusalem.
32 Peter og dei andre hadde falle i djup søvn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han.
33 Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa.
34 Og medan han tala, kom det ei sky og la skugge over dei, og då dei kom inn i skya, vart dei gripne av redsle.
35 Frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!»
36 Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus. Læresveinane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.