34 Og medan han tala, kom det ei sky og la skugge over dei, og då dei kom inn i skya, vart dei gripne av redsle.
35 Frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!»
36 Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus. Læresveinane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.
37 Dagen etter, då dei kom ned frå fjellet, vart han møtt av ei stor folkemengd.
38 Då ropa ein mann i flokken: «Meister, eg bed deg: Ta deg av son min, for han er einaste barnet eg har!
39 Brått kan ei ånd hogga tak i han; ho set i eit skrik og riv og slit i han så skummet står om munnen på han. Ho tek mest livet av han før ho endeleg slepper han.
40 Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei greidde det ikkje.»