38 Då ropa ein mann i flokken: «Meister, eg bed deg: Ta deg av son min, for han er einaste barnet eg har!
39 Brått kan ei ånd hogga tak i han; ho set i eit skrik og riv og slit i han så skummet står om munnen på han. Ho tek mest livet av han før ho endeleg slepper han.
40 Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei greidde det ikkje.»
41 Då sa Jesus: «Du vantruande og vrange slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk og halda ut med dykk? Kom hit med son din!»
42 Men før guten var komen fram til Jesus, kasta den vonde ånda han over ende og reiv og sleit i han. Då truga Jesus den ureine ånda og lækte guten og gav han tilbake til faren.
43 Og alle var fulle av undring over Guds veldige makt.Medan alle undra seg over alt det han gjorde, sa han til læresveinane:
44 «Høyr nøye etter det eg no seier: Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske.»