45 Men dette skjøna dei ikkje. Det var løynt for dei, så dei ikkje fekk tak i det. Og dei våga ikkje å spørja han om det han hadde sagt.
46 Tanken kom opp mellom læresveinane om kven som kunne vera den største av dei.
47 Men Jesus skjøna kva dei tenkte i hjartet. Han tok eit lite barn, sette det attmed seg
48 og sa til dei: «Den som tek imot dette barnet i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. For den som er minst av dykk alle, er stor.»
49 Då tok Johannes ordet: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og vi prøvde å hindra han, sidan han ikkje er i følgje med oss.»
50 Men Jesus svara: «De skal ikkje hindra han! Den som ikkje er imot dykk, er med dykk.»
51 Då tida kom og Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; det var dit han ville fara.