49 Då tok Johannes ordet: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og vi prøvde å hindra han, sidan han ikkje er i følgje med oss.»
50 Men Jesus svara: «De skal ikkje hindra han! Den som ikkje er imot dykk, er med dykk.»
51 Då tida kom og Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; det var dit han ville fara.
52 Han sende bod føre seg, og dei drog av stad og kom til ein samaritansk landsby for å tinga hus til han.
53 Men der ville dei ikkje ta imot han, fordi han hadde vendt sine steg mot Jerusalem.
54 Då læresveinane Jakob og Johannes fekk høyra dette, sa dei: «Herre, vil du at vi skal by eld fara ned frå himmelen og øyda dei?»
55 Men han snudde seg og tala dei til rette. {{«De veit ikkje kva ånd de er av», sa han. «Menneskesonen er ikkje komen for å ta menneskeliv, men for å frelsa.»}}