53 Men der ville dei ikkje ta imot han, fordi han hadde vendt sine steg mot Jerusalem.
54 Då læresveinane Jakob og Johannes fekk høyra dette, sa dei: «Herre, vil du at vi skal by eld fara ned frå himmelen og øyda dei?»
55 Men han snudde seg og tala dei til rette. {{«De veit ikkje kva ånd de er av», sa han. «Menneskesonen er ikkje komen for å ta menneskeliv, men for å frelsa.»}}
56 Så gjekk dei til ein annan landsby.
57 Medan dei gjekk etter vegen, var det ein som sa til han: «Eg vil følgja deg kvar du så går.»
58 Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»
59 Til ein annan sa han: «Følg meg!» Men mannen svara: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.»