55 Men han snudde seg og tala dei til rette. {{«De veit ikkje kva ånd de er av», sa han. «Menneskesonen er ikkje komen for å ta menneskeliv, men for å frelsa.»}}
56 Så gjekk dei til ein annan landsby.
57 Medan dei gjekk etter vegen, var det ein som sa til han: «Eg vil følgja deg kvar du så går.»
58 Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»
59 Til ein annan sa han: «Følg meg!» Men mannen svara: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.»
60 Då sa Jesus til han: «Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du av stad og forkynn Guds rike.»
61 Det var ein annan òg som sa: «Eg vil følgja deg, Herre, men lat meg først få seia farvel til dei der heime.»