1 Paulus, Kristi Jesu tenar, helsar dykk, eg som er kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium,
2 det som Gud på førehand hadde lova gjennom profetane sine i heilage skrifter.
3 Det er evangeliet om hans Son, Jesus Kristus, vår Herre, komen som menneske av Davids ætt
4 og stadfest ved heilagdoms Ande som Guds mektige Son ved oppstoda frå dei døde.
5 Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn.
6 Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til.
7 Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!